Å ha ein far eller ei mor som har tenestegjort i Forsvaret skapar ei eiga samkjensle og fellesskap, også mellom ungane.

Arild Lihaug, leiar for veteran-organisasjonen IntOps Bergen og omland, strålar om kapp med sola, mellom regnbygene. Denne helga samla veteran-organisasjonen eit 50-tals familiar med bakgrunn frå Forsvaret til sommarleir i Kollevågen på Askøy. Veteranklubben frå Øygarden var godt representert.
Samkjensle
–Det å ha ein far eller mor som har tenestegjort i Forsvaret skapar ei eiga samkjensle og fellesskap, også mellom ungane, seier Lihaug til nettavisa Øygarden24.no.
-Ein fin anledning til å støtta far og svigerfar og visa at vi verdset deira engasjement, samstemmer pårørande Marita Myklebust frå Skogsvåg. Dette er tredje året ho og sambuaren Thomas Bruvik, saman med ungane Matteo (8), Leonard (4) og Thia (2), har freista teltlivet på veteranane sin sommarleir.
Dei yngste kan mora seg med kanopadling, fiske, felles tilbereding av sjølvfanga fisk, og samling kring bålet. Ein køyretur i mini-jeepen verkar imidlertid å vera den største attraksjonen under mitt besøk.

-Samlinga skjer på ungane sine premiss, forsikrar «leir-generalen».
– Eit svært familievenleg arrangement, samstemmer Bruvik.
Sosial møtestad
Sommarleiren er ein møtestad for ulike veteran-organisasjonar med tilknyting til Forsvaret. Interessene er mange, gamle forsvarskøyretøy, motorsyklar og matlaging. IntOps Bergen og omland stiller med eige kokkelag som har ansvaret for all matlaginga.
IntOps Bergen og omland arrangerer månadlege samlingar for veteranar, personar som framleis tenestegjer i Forsvaret og familiane deira. Ein sosial samlingsplass med ulike aktiviterar for alle aldersgrupper. Å få med familiane er viktig. Pårørande er også velkomne. Her finn dei nokon å utveksla erfaringar med, forsikrar Lihaug.
Les: Veteranane vil verta meir synlege
Med tanke på dei av veteranane som har kome frå deltakinga i internasjonale operasjonar med psykiske seinskadar, er alle arrangementa alkoholfrie. Takka vera Forsvaret og mange velvillige sponsorar er det også gratis å delta.