Får Enova-millionar til utsleppsfri hydrogenproduksjon

CCB og ZEG Power har fått 77 millionar frå Enova til eit pilotanlegg for produksjon av hydrogen frå gass med integrert karbonfangst på CCB Energy Park på Kollsnes.

Gjennom det nyetablerte dotterselskapet H2 Production AS ønskjer den tradisjonelle offshoreverksemda Coast Center Base å ta føringa innan utsleppsfri produksjon av hydrogen med integrert CO2-fangst og til kommersielle prisar, ifølgje visepresident Ronny Haufe i CCB. Arkivbilete.

Pengane kjem frå ENOVA sitt program for pilotanlegg for ny energi- og klimateknologi, ifølgje ei pressemelding frå CCB.

Den  tradisjonelle offshore-verksemda på Ågotnes har ambisjonar om å delta aktivt i utviklinga av klimanøytral teknologi. Gjennom det nyetablerte dotterselskapet H2 Production AS skal verksemda levera høgeffektiv og storskalavenleg hydrogenproduksjon med karbonfangst integrert i prosessen. Pilotanlegget vert etablert på CCB Energy Park på Kollsnes, men vil etter kvart verta utvida til også å omfatta andre lokasjonar nasjonalt.

For å produsera karbonnøytral hydrogen frå gass har CCB inngått samarbeid med det norske teknologiutviklingsverksemda ZEG Power.

Les: Startup hentar 130 millionar i depressiv marknad


Samlokaliseringa med Northern Light på Kollsnes inneber at CCB Energy Park er ideelt lokalisert med tanke på bruk av naturgass til produksjon av hydrogen, med mogelegheit til mottak og permanent lagring av CO2 offshore, ifølgje pressemeldinga.

Les: Skal CO2-handtering løna seg må kvoteprisen tidoblast

CCB sitt langsiktige mål er å etablera ein infrastruktur for storskala produksjon, sal og distribusjon av hydrogen, ifølgje pressemeldinga.

Hydrogen vil verta ein sentral energiberar med reduserte utslepp til industri, maritim sektor og tungtransport, til konkurransedyktig pris, spår verksemda. I dag vert hydrogen hovudsakleg produsert frå vasskraft, eller frå naturgass utan karbonfangst.

Pilotanlegget skal kunna produsera 30 kg hydrogen i timen, eller 250 tonn årleg, og danna grunnlag for kommersielle leveransar frå 2022. Inntil Northern Light sitt lagringsanlegg for CO2 er på plass, planlegg CCB og ZEG Power å bruka biogass som input for å kunna verkeleggjera målet om karbonnøytral produksjon.

-Som selskap har CCB bidrege til realisering av nye industrikonsept og tilrettelegging av nye verksemder og arbeidsplassar. Vi er stolte av å kunne vera ein sterk bidragsytar og tilretteleggjar for omstilling til nye energiløysingar. Kombinasjonen av etablert verksemd, tilgang på ressursar og den unike lokasjonen gjev store mogelegheiter for ei industriell utvikling ikkje berre lokalt, men også på nasjonalt nivå. Prosjektet understøtter ei grønn omstilling og byggjer på den betydelege kompetansen Norge har opparbeida innan olje- og gassindustrien, seier Ronny Haufe, visepresident i CCB.

Kostnadseffektiv produksjon av hydrogen er eit viktig steg på vegen mot lågutsleppsamfunnet, der hydrogen kan spela ei sentral rolle både innan industri og til transport. Det er difor veldig gledeleg at CB saman med ZEG ønskjer å testa ut teknologi som både kan auka verknadsgraden, få ned prisen og kutta utslepp, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova i ei pressemelding.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.