Nytt milliardår for Coast Center Base AS

Hjørnesteinsverksemda på Ågotnes, Coast Center Base AS, fekk eit nytt gullår i 2019.

Fleire og større oppdrag på riggvedlikehald var største inntektskjelda for konserndirektør Øyvind Langedal og Coast Center Base AS i 2019. Arkivbilete.


Etter fleire magre år har omstillinga av aktiviteten ved offshorebasen på Ågotnes byrja få stabiliserande effekt på innteninga. Driftsinntektene til Coast Center Base AS enda på 1,105 milliardar kroner i fjor. Ein vekst på vel 100 millionar kroner samanlikna med 2018, ifølgje rekneskapen som er sendt inn til Brønnøysund.

Riggvedlikehald
Fleire og lengre oppdrag innan riggvedlikehald er hovudforklaringa på veksten. Omsetninga i dette segmentet passerte i fjor 600 millionar kroner, skriv konserndirektør Øyvind Langedal i ein epost til nettavisa Øygarden24.no.

Utradisjonell
Men hjørnesteinsverksemda på Ågotnes har sikra seg fleire nye bein å stå på etter at Equinor flytta baseaktivitetane til Mongstad i 2015.

Oppdraget som basehamn for Forsvaret, noko som mellom anna førte til at den havarerte fregatten Helge Ingstad låg til kai ved basen ein stor del av året, bidrog til å halda aktivitetsnivået oppe. Det same gjorde dei, for ei offshorerelatert verksemd, utradisjonelle satsingane retta mot handtering av fiskefor og mottak og vidaresending av plastavfall til BIR sitt gjenvinningsanlegg i Rådalen, ifølgje Langedal.

Les: Alltid nyfiken på nye inntektskjelder


Resultatauke
Den auka aktiviteten, saman med auka marginar bidrog til at verksemda fekk eit resultat før skatt på 40,8 millionar, samanlikna med 33,4 millionar året før.

Restrukturering
Coast Center Base AS har dei siste åra vore både morselskap i gruppa og driftsselskap for all aktivitet på Ågotnes. For å rydda i selskapsstrukturen og redusera risiko gjennomgjekk verksemda i fjor ei større restrukturering der fleire av dotterselskapa vart skilt ut.

Største dotterselskapet i det nyeetablerte morselskapet CCB Holding AS er CCB Mongstad AS, med ei driftsinntekt på 400,8 millionar og eit resultat før skatt på 32,4 millionar kroner.

Utbyte
Både Coast Center Base AS og CCB Holding AS vert eigd 50:50 av Bernh. Larsen Holding AS og Norsea Operations AS. Til saman tok eigarane ut 36 millionar kroner i utbyte frå dei to verksemdene i 2019, ifølgje Brønnøysund.

Coast Center Base AS og CCB Mongstadbase hadde ved utgangen av året totalt 388 tilsette. Meir enn dobbelt så mange på Mongstad som på Ågotnes.

Korona
Korona og oljeprisfall førte til ei markant svekking i aktivitetsnivået i mars og april i år. 20 tilsette måtte permitterast, men er no tilbake i arbeid, mykje takka vere klassinga av riggen Transocean Equinox, skriv Langedal.


Det er framleis usikkerhet knytt til den langvarige effekten av oljeprisfallet og nye smitteutbrot. Regjeringa sine tiltak retta mot oljeselskapa har imidlertid skapt auka optimisme på Ågotnes. For tida ligg fire riggar til kai på basen, tre av dei ligg i opplag.
-Vi har god tru på grei aktivitet ut året, sjølv om vi neppe vil nå same omsetning som i 2019, avsluttar Langedal.



Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.