Talet på registrerte arbeidssøkjarar var ved utgangen av juni redusert med ein tredel samanlikna med krisesituasjonen i midten av april.

Totalt 31.296 innbyggjarar i Vestland var registrerte som arbeidssøkjarar ved utgangen av juni. Av dei var 2.038 heimehøyrande i Øygarden, viser NAV sin arbeidsmarknadsstatistikk.
Lysning
For mange øygardsstrilar har situasjonen på arbeidsmarknaden lysna utover våren. Ein tredel av arbeidssøkjarane har no kome tilbake i jobb, samanlikna med då situasjonen toppa seg i midten av april, med koronakrise, oljeprisfall og låg kronekurs. Då var det til samanlikning heile 3.112 øygardsstrilar som hadde vanskar med tilknytinga til arbeidsmarknaden.
Les: Problema på arbeidsmarknaden er langt større enn tidlegare offentleggjort
Mest gledeleg er reduksjonen i talet på heilt ledige. Ved utgangen av juni var halvparten av arbeidssøkjarane i Øygarden, 1.052, registrert som heilt ledige. Det er nær ei halvering sidan april.
For tidleg
Sjølv om færre øygardsstrilar no er heilt ledige, er det altfor tidleg å avlysa krisa. Talet på delvis ledige har halde seg stabilt høgt. Like over 900 personar har jobba ufrivillig deltid gjennom heile våren.
Også talet på permitterte held seg høgt. Nærare halvparten av dei ledige er permitterte, enten heilt eller delvis. Eit signal om at mange verksemder i regionen framleis er usikre på framtida.
84 personar gjekk på tiltak ved utgangen av juni. Det er heile 30 færre enn i april. Det framkjem ikkje av statistikken kor mange av desse som no er i arbeid, og kor mange som har falle ut av statistikken fordi dei ikkje lenger har rett på stønad.
Arbeidsmarknaden juni 2020 | |||||
Heilt ledige | Delvis ledige | På tiltak | Totalt | Permitterte | |
Øygarden | 1.052 | 902 | 84 | 2.038 | 989 |
Vestland | 15.572 | 14.583 | 1.141 | 31.296 | 16.784 |