Ser håp i målrikt tap på bortebane

Tre ballar i motstandarane sitt mål viser at Øygarden FK maktar skåra, men klarar resultatet overtyda sponsorane?

Borger Thomas gjorde ein heiderleg innsats mellom målstengene, Utan han kunne det fort ha blitt fleire baklengsmål. Foto: Øygarden FK.

Forventningane stod i taket på fotballklubben sitt sponsortreff på Panorama i timen før nystifta Øygarden FK gjekk på banen for å spela sin aller første seriekamp i OBOS-ligaen. 

Men dei stolte, sterke strilane i Øygarden FK tapte, med 3 – 4 vekke mot Sandnes Ulf. Kampen var jamn lenge. Peter Godly Michael, nettopp innleigd frå Vålerenga, kvitterte for tilliten med å skåra det første målet for Øygarden alt etter 11 minutt. Etter 34 minutt sørga han for 2 – 1.  Lagleiar Bjarte Haugsdal utligna til 3 – 3 på straffespark etter 82 minutt.

Ser det positive
-Vi skåra tre mål, vekke. Det viser at vi har det som skal til for å vera i denne divisjonen, men vi treng å stramma opp forsvaret, tolka den tidlegare Liverpool-målvakten, no hjelpetrenar Bruce Grobbelaar, resultatet.

Eit 30-tals heilhjarta tilhengjarar frå klubb, næringsliv og kommune valgte å sjå det positive i det målrike nederlaget.

Tor Støen i Tb Gruppen AS signerer kontrakten som gjer konsernet til ein av hovudsponsorane for Øygarden FK.

Unikt samarbeid
Øygarden FK er resultatet av eit nytt og eineståande samarbeid mellom heile sju lokale idrettslag i Øygarden. Samarbeidet kom i stand delvis som eit resultat av at Nest Sotra haldt på å ryka ut av OBOS-ligaen i fjor, ikkje på grunn av manglande poeng, men på grunn av svak økonomi.

Les: Du må engasjera heile kommunen for å få eit godt fotballag

Les: Vil ettergjeva lån på 27,2 millionar til lag og organisasjonar

Det kostar å driva fotball på toppnivå. Laga i OBOS-ligaen skal gjennom 30 kampar, spreidd på banar over heile landet, innan den endelege resultattabellen vert klar. 7. desember. 

Etterlyser sponsorar
-Vi treng 10 millionar årleg for å driva eit lag på dette nivået, kunne sponsoransvarleg Kjell Jarle Angeltveit fortelja noverande såvel som potensielle sponsorar på Panorama.

Førebels status er langt unna budsjettmålet, måtte Angeltveit medgje.

Styreleiar Marianne Sandahl Bjorøy er uroleg for økonomien. Ho har likevel god tru på at det lokale næringslivet vil støtta opp om laget. 

-Eg trur det løsnar, særleg om vi vinn nokre kampar no i starten, seier Sandahl Bjorøy til nettavisa Øygarden24.no.

Sponsorprogrammet klubben har utarbeidd omfattar heile sju nivå. Frå generalsponsor som forpliktar seg til årlege bidrag på 2 – 3 millionar i 3 – 5 år, og ned til havstril med årlege bidrag på 10.000 kroner.

Verksemdene i Øygarden manglar tradisjonar for å gje store bidrag til einskilde store aktørar, dei spreier i staden støtta si til mange små tiltak, er Sandahl Bjorøy og Angeltveit samde om.

Den tidlegare LIverpool-målvakta Bruce Grobelaar har truffe kjærleiken i sundsokningen Janne Hamre Karlsen og jobbar no som trenar for Øygarden FK.

Utfordring for strilamentaliteten
For det er ingen løyndom at mange er skeptisk til det lokale klubb-samarbeidet på øyane vest for Bergen:

-Øygarden FK vert på mange hald sett på som nederlagsdømt, men det er ein utfordring for strilamentaliteten. Vi gjev aldri opp, vi skal visa at vi maktar å halda plassen i 1. divisjon, hevdar sportsleg leiar Kurt Fjeld på vegne av dei mange stolte, sterke strilane i Øygarden FK.

Neste sjanse til å skåra mål og hausta poeng kjem alt førstkomande mandag 6. juli, då møter Øygarden FK Åsane heime på Ågotnes.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.