Kommunen handlar lokalt

Lokale handtverksverksemder har fått tildelt rammeavtaler med Øygarden kommune til ein samla, årleg verdi på 30 millionar kroner.

Det årlege behovet for kjøp av elektrikartenester vert stipulert til sju millionar kroner. To verksemder delar på oppdraga. Arkivbilete, Hordaland fylkeskommune.

Ordførar Tom Georg Indrevik (H) fronta Vest Næringsråd sin haldningskampanje «Takk for at du handlar lokalt» tidlegare i vår.

Les: Vil at vi skal handla meir lokalt

I dag føl kommunen opp med å tildela rammeavtalar til 16 lokale handtverksverksemder. Avtalane omfattar åtte ulike fagområde, vil gå over to år og har ein forventa, årleg verdi på til saman 30 millionar kroner, kunngjer Øygarden kommune på heimesidene sine.

Det kom inn totalt 64 tilbod. På enkelte fagområde er det tildelt inntil tre parallelle avtalar. Her vil det verta gjennomført minikonkurransar for oppdrag over 250 tusen kroner. For oppdrag under 250 tusen kroner, vert oppdraga tildelt på bakgrunn av rangeringa av innkomne tilbod, sier stabsleiar for innkjøp og investering, Marius Flesland Sylta i Øygarden kommune.

– Utlysinga er gjort på like vilkår, og det er gledeleg at det er mange lokale aktørar som har gjeve tilbod og fått rammeavtale, seier Flesland Sylta.

Oppdraga vil i hovudsak gå ut på byggrehabilitering, opprusting av eldre barnehagar, og asfaltering og trafikksikring, I investeringsbudsjettet er det sett av 15 millionar kroner til rehabillitering av bygg, Ni millionar er sett av til vegvedlikehald og trafikksikring. 

Det er også aktuelt å bruka rammeavtalane i samband med bruk av ekstratilskot frå staten på 18 millionar kroner knytt til koronaviruset, ifølgje einingsleiar Knut Eivind Nygård.

For større oppdrag vert det lyst ut eigne konkurransar. I avtalane går det fram at estimert verdi over 1,3 millionar kroner vert vurdert lyste ut i eigen konkurranse.

Desse får oppdrag:

  • Elektrikar:  LOS elektro, Magnus M Thunestvedt og Landro elektro.  Estimert verdi pr. år er sju millionar kroner.
  • Filter og ventilasjon: Fana Blikk. Estimert verdi pr. år: 2,7 millionar kroner.
  • Heis, service og vedlikehald: Alt Heis AS. Estimert verdi pr. år: 3,6 millionar kroner.
  • Røyrleggjar: Sartor VVS AS, Gjøen VVS AS og VVS Fag AS. Estimert verdi pr. år: 3,6 millionar kroner.
  • Tømrar: Straume Mesterbygg AS, TH BHAS Bygg AS og Vest byggteknikk AS. Estimert verdi pr. år: fem millionar kroner.
  • Malar/golvleggjar: Malerfirma Monsen AS, Malermester Morten Bjarnoll AS og Lars Holmaas Malerforretning AS. Estimert verdi pr. år: 3,65 millionar kroner.
  • Glasmeister: TH BHAS Bygg AS. Estimert verdi pr. år: 2,58 millionar kroner.
  • Fjellsikring: Sartor Maskin AS. Estimert verdi pr. år: 2,5 millionar kroner.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.