Kvar femte av dei omkomne på norske vegar i første halvår var ein mannleg MC-førar.

51 personar – ein meir enn i fjor – mista livet på norske vegar første halvår 2020, ifølgje ei pressemelding frå Statens vegvesen.
Heile ti av dei omkomne var mannlege MC-førarar, og av dei var åtte eldre enn 40 år.
-6 av 8 ulukker i juni skjedde med MC, seier avdelingsdirektør Guro Ranes i Statens vegvesen. 6 av dødsulukkene på MC til no i år er utforkjøring i sving, og i mange av desse ulykkene har fleire køyrt i følgje. Dette tyder på at førarane ikkje har beherska køyretøy og fart gjennom svingen, og har køyrt fortare enn de har hatt ferdigheiter til.
Flest menn
Menn tek tydelegvis større risiko i trafikken enn kvinner, skal vi tru statistikken. Av dei omkomne dei første seks månadane i år er 45 menn og 6 kvinner. Aller mest auka talet på ulukker med middelaldrende menn i alderen 45-64 år. 24 omkom i personbil.
Vestland
Medan talet på omkomne på landsbasis har vore nokonlunde stabilt siste åra, har talet på dødsulukker i trafikken gått ned i Vestland. Berre fire av trafikkulukkene i fylket førte til tap av menneskeliv siste året.
Fire av ti dødsulukker på landsbasis har skjedd som møteulukker. Like mange var eit resultat av utførkøyringar.
Trygt heim
– Vi vil at alle skal koma trygt fram: Hald merksemda på ega køyring – Ikkje stress, stopp og byt sjåfør undervegs. Tre enkle grep vil sørga for sikker trafikk på vegane i sommar – husk bilbelte, hald fartsgrensa og køyr rusfritt, oppfordrar Ranes.