Vil opna ei dør inn til heile kommunen

Frå august av skal innbyggjarane i Øygarden kunna stikka innom biblioteka for å få utført dei fleste av ærenda sine hos kommuneadministrasjonen.

Slik tenkjer dei seg at det kombinerte innbyggjartorget og biblioteket i Skogsskiftet vil verta innreia.


Etter ferien skal innbyggjartorga i Øygarden kommune ha flytta inn på biblioteka på Straume, Rong og Skogsskiftet, melder Øygarden kommune på heimesidene sine.

Dei tre biblioteka i kommunen skal fungera som ei førsteline-teneste for stadig fleire av dei kommunale tenestene. Tanken er at innbyggjarane berre skal ha ei dør å forhalda seg til inn til det etterkvart mangfaldige kommunale tenestetilbodet. På innbyggjartorga skal dei kunna få informasjon, råd og rettleiing – i tillegg til å låna bøker, sjølvsagt.

Digitale løysingar skal sørga for at sakshandsamarane får den informasjonen dei treng.

Møteplass
Biblioteka skal vera ein møteplass, men dei skal og vera ein stad der innbyggjarane skal få løyst flest mogeleg av behova sine. Slik vil ein kunna avlasta sakshandsamarane og auka både sørvis og effektivitet, er tanken.

-No vert det slutt på at innbyggjarane må møta opp på rådhuset for fysisk kontakt med kommunen, seier prosjektleiar Grethe Bergsvik.

– Samlokaliseringa med biblioteka samsvarar godt med intensjonsavtalen for den nye kommune, legg prosjektleiaren til.

Lågterskel
-Det vert eit lågterskeltilbod og ein sosial arena open for alle, utan krav til aktiv deltaking eller betaling. Folk skal framleis kunna låna bøker, andre media og tinga møterom, seier biblioteksjef Bente Fosse.

-Brukarane skal vera i sentrum. Ulike tenester skal koma til etterkvar, seier kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse.

For dette er berre starten. Når dei nye innbyggjartorga opnar døra vil det framleis vera ein del brikker som ikkje har falle på plass. Vegen vert til undervegs. Etter kvart skal biblioteka fungera som ei førstlineteneste for alle publikumsretta tenester. Her skal innbyggjarane kunna ha møte med kommunale sakshandsamarar. Det skal også verta ein arena for innbyggjarinvolvering og meir uformelle møteplassar.

Meirope
Som ein del av omlegginga vil Øygardsbiblioteka i løpet av hausten få tilbod om meiropne bibliotek på Straume og Rong.

I Skogsskiftet har tilbodet om meirope bibliotek har vore svært vellukka. Når innbyggjarane får tilgang til dei samlokaliserta lokala også utanom dei betenete opningstidene vil det verta einklare for øygardsstrilane å  bruka biblioteket når det passar i ein travel kvardag.

Omlegginga inneber at biblioteket på Straume vil halda stengt frå 6. – 10. juli.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.