Sommarruter er ståtid på bussen

No må du rekna med å måtta stå på bussen. Denne veka byrja Skyss med sommarruter.

48 sitjeplassar ombord i ein buss er redusert til det halve no i desse koronatider. Då merkast det godt når Skyss i tillegg innfører sommarruter og kuttar i rutetilbodet på dei mest trafikkerte strekkjene.

I myldretimane morgon og kveld må passasjerar no belaga seg på å stå. Om dei slepp ombord. På strekninga Straume – Bergen Bystasjon hender det rett ofte at bussen køyrer forbi ein haldeplass eller to fordi det ikkje er fleire «lovlege» ledige seter. 

Vi reisande føl koronaråda så godt vi kan – dei av oss som er så heldig å kapra eit ledig sete. Vi forstår godt at det gjeld å halda avstand, og aksepterer at annakvart sete står tomt.

For dei med ståplass gjeld eigne reglar.

Skyss innførte sommarruter samstundes som skulane tok ferie. At det framleis er for tidleg for folk flest å tenkja på ferie, og at mange skal jobba heile sommaren gjennom, er visst ein tanke som ikkje har slått planleggjarane.  

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.