Eg elskar Augusta Louise

Det er berre å bekjenna…

Under hageeigaren sin korte sommar avløyser den eine intense, kortvarige romansen den andre.

Roser kjem, roser går. Nokre trives, andre seier takk for seg. For hageeigaren er det berre å føljga med, og flytta merksemda alt etter kvar bløminga er på sitt mest intense.

Vakre, velduftande Augusta Louise.

Augusta Louise
Nett no er det Augusta Louise som lokkar fram det breiaste smilet hos hageeigaren.  Vakker og velduftande, med store, lyst ferskenrosa blomar er ho blikkfang utanfor inngangspartiet. Den låge buskrosa avla fram av Tantau skal visstnok vera det det meir hardføre slaget, og har ikkje late seg merka av ein vinter i krukke under vekslande temperatur utandørs.

Varmveret siste veka har fått rosene til å henta att det forsømte gjennom ein kald vår. Det har vore ein fargeekslosjon i hagen, i kvitt, raudt, rosa og gult.

Les: Sein men lovande rosestart

Fellowship stortrives i sørvendt solvegg.

Hageeigaren har knapt kunna lukka augene siden rugosa-hybriden Ritausma opna sine vakre, kvite roser tidleg i månaden. Knoppar har sprunge nær sagt over alt. Fargar har falda seg ut på terasssen, ved inngangangspartiet, i natthagen og på vestsida. 

Ilse Krohn Superior.

Fellowship, Spinossissima Plena, Mrs Colewille, Flammentanz, El Areana, Ilse Krohn Superior og New Dawn, berre for å nemna nokon.

Kjøkkelvik-rosa.

Den namnlause spinississima-hybriden har også eit namn, hareg oppdaga; den er ei Kjøkkelvik-rose, og har sin eigen, spesielle historie, henta av ein guttunge frå hagen frå Festergården i Kjøkkelvik under krigen.

Må ikkje gløyma dei gule; Aischa, Gold Mari og Give Me Some Suneshine.

Aischa.

Dei fleste rosesortar har ei kortvarig, men intens bløming. Berre nokre få blømer gjennom heile sommaren, eller remonterer, som det heiter på fagspråket.

…og dette er berre starten på sesongen:-)

Hageeigaren si bøn for resten av sommaren: Give Me Some Sunshine.

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.