Ein svalande bris er første varsel om havskodda som kan møta ein sveitt turgåar i Krabbakeila.

Lange, solrike sommarkveldar som dei vi øygardsstrilar har opplevd siste veka inspirerer til å utforska det lokale turterrenget.
Algrøy lokkar med fleire ruter i spektakulær kystnatur.
Les: Idlefjell
Den merka stien til Krabbakeila er ein av dei kortaste på denne vesle øya heilt vest i havet. Frå sauen sitt rike midt på øya går turen halvannan kilometer vestover gjennom småkupert kystlandskap, vekslande med bratte kløfter.
I midten av juni er det furete steinlandskapet spekka med fargar. Innimellom brake og lyng stortrivst flekkmarihand. Med sine rosa, kjegleforma blomar er den vanlegaste av dei åtte orkide-slektene som veks vilt i Norge godt synleg i terrenget. At fargeintensiteten varierer får lys rosa til djup lilla kan ha både med jordsmonn og kor lenge det er siden blomen sprang ut å gjera.
Godt synleg på lang avstand er også maria gullsko. Vel framme i Krabbekeila utgjer dei store tuene med strandnellik effektfulle visuelle kontrastar mot alt det grå.

Turen er ikkje mellom dei mest krevjande. Ein stad har det aktive bygdalaget likevel funne det sikrast å montera tau til å passera eit bratt, og i regnever sikkert ganske så glatt, svaberg på ein tryggare måte.

Nettavisa Øygarden24.no har tidlegare ved fleire høve rosa bygdalaget for å opparbeida fleire av stiane på øya med bruer og kloppar. Stien til Krabbekeila bør verta neste prosjekt ut. Frå du forlet sivilisasjonen attmed Strilalam, og vidare vestover er det partivis ganske så vått, sjølv i lengre tørkeperiodar. Eitpar strategisk plasserte kloppar hadde gjort seg.
Parkering ved Algrøy skule. Føl deretter skilta i retning Strilalam.

Denne Hytta var eg med min onkel og byggde. Mykje slit var det . Rørleggermester Nevdal var det som var byggherre.
Knut Thore Algrøy
LikarLikar
Takk for opplysningen, Kjell Thore.
Alltid kjekt når nokon som kjenner til saka kjem med utfyllande informasjon. Går ut frå at de fekk frakta materialane sjøvegen?
LikarLikar