Det kan verta ei stund å venta på dagsturhytta ved Larslivatnet.
Ei dagsturhytte er i utgangspunktet ei lita, einkel hytte der turgårar kan gå inn og ha ulike aktivitetar. Hytta skal liggja i eit mykje nytta turterreng, med mange stiar å velja mellom, er kravet frå initiativtakaren Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som ønskjer å vera med å sponsa slike hytter i samtlege kommunar i Vestland.
Fjell kommune var mellom dei ivrige tidleg som såg behovet for at turgåarane treng ein stad å dra til, også på korte turar, og som har søkt om spelemidlar til ei dagsturhytte ved Larslivatnet, langsmed turvegen frå Foldnes kyrkje til Hjelteryggen.
Les: Vil hs dagsturhytte i Foldnesmarka
Prosjektet var eitt av 21 som fekk avslag på søknaden i Hovudutval for kultur, idrett og integrering sist veke, fordi han mangla dokumentasjon på kostnadar.
Fjell har tidlegare fått innvilga 200.000 kroner i støtte frå fylkesutvalet i Vestland til dagsturhytta.