Det er ingen grunn til å uroa seg for straumrekninga for juni.

Varierande nedbørsmengder fører til store svingningar i straumprisen frå år til år og frå time til time. Dei uvanleg store snømengdene i høgfjellet denne våren inneber at vanlege forbrukarar ikkje har nokon grunn til å uroa seg for straumrekninga i juni.
Ein laurdag mellom klokka 14 og 15 er forbruket lågt. Straumprisen i vårt område var i denne timen i dag heilt nede i 0,66 øre per kWh. Rekordlågt, ifølgje fagbladet Europower Energi. Rekna over heile døgnet, vil prisen vera 1,46 øre per kWh, har fagpressejournalistane rekna ut.
Til samanlikning – første laurdagen i fjor var straumprisen heile 30,9 øre per kWh.
Forbrukarane bør likevel ikkje la gleda ta overhand. Sjølv om straumprisen er låg, får det ingen effekt på nettleiga. Den varierer kun etter kor mange kWh du brukar.