Arkeologar har funne 17 eineståande, inntil 12.000 år gamle steinalderbuplassar på eit avgrensa område i Vikane på Rongøy.

No vurderer Vestland fylkeskommune om dei unike, inntil 12.000 år gamle buplassane bør bevarast for ettertida eller om området kan frigjevast for bygging, melder Vestland fylkeskommune.
Områdeplan
Sist haust fann arkeologane tre steinalderbuplassar i Vikane på Rongøy. Denne våren har dei funne ytterlegare 14 steinalderbuplassar i same området. Dei arkeologiske registreringane er utført i samband med arbeidet med områdeplanen for Vikane.
-Dette har vore eit viktig busetningsområde i den eldre førhistoria vår. Truleg var nærleiken til gode kyst- og sjøressursar avgjerande for kvar folk valde å busetja seg, seier arkeolog Robert Stormark til Vestland fylkeskommune si heimeside.

Verktøy
På buplassane har arkeologane funne steingjenstandar frå eldre steinalder. Knivar i flint, ein meisel i grønstein og eit garnsøkke er noko av det dei har plukka opp frå jorda.
-Nokre av gjenstandane er frå 10.000 – 6.000 år før Kristus. Området er ein del av verdast eldste bevarte marint tilpassa steinaldersamfunn, ifølgje Stormark.
Grønstein finst ikkje i nærområdet, og råstoffet til meiselen er truleg henta frå Hespriholmen vest for Bømlo, trur arkeologane.
– Slike funn er viktige og interessante på fleire måtar. Dei gir oss eit sjeldan glimt inn i kvardagen til menneska som har levd her før oss. Vi får også kjennskap til ferdsleårer, og korleis folk samhandla og hadde kontakt i steinalderen, seier Stormark.
Ferdselsårar
-Den norske skjergarden, saman med eit stykke av vestkysten i Canada har den eldste strandlinja i verda, og verdast best bevarte marint tilpassa steinaldersamfunn. Kystfylket Vestland har difor eit internasjonalt ansvar til å verna steinalderbuplassar for framtida, seier Glenn Heine Orkelborg som er fagleiar for arkeologi i Vestland fylkeskommune.
Steinalderbustadane er freda etter kulturminnelova. Fylkeskommunen diskuterer no med Øygarden kommune korvidt buplassane skal regulerast til bevaring, eller om utbyggjar skal få dispensasjon til å byggja i området.