Omsetningen gjekk ned, men Sartor Storsenter held 8. plassen over norske kjøpesentre.

Den samla omsetningen i butikkane i Sartor Storsenter gjekk ned med 22 millionar i 1. kvartal dette året. Ein samla omsetnad på 455 millonar kroner inneber at handlesenteret på Straume beheld posisjonen som det 8. største i Norge, ifølgje kvartalspresentasjonen til konserndirektør Arne B. Sperre i Olav Thon Gruppen ASA i samband med presentasjonen for første kvartal.
Ein brutto omsetnad før mva på 455 millionar kroner dei tre første månadane i år inneber ein reduksjon på 4,6 prosent samanlikna med same perioden i fjor. Sartor Storsenter er likevel ikkje mellom dei handlesentrene som har hatt den svakaste utviklinga dette året.
Les: Kvar tredje butikk held stengt
Generell nedgang
Butikkane eigd av Olav Thon Eiendomsselskap hadde ein reduksjon i omsetnaden med 20 prosent i mars. Verst gjekk det ut over sko- og klesbutikkar, men og sportsbutikkane fekk svi. Vinmonopol og apotek auka derimot omsetnaden i perioden, men ikkje nok til å oppvega nedgangen i dei andre bransjane.
Konkurransen norske handlesentre i mellom er sterk. Omsetnaden til Sartor Storsengter er eit varsel om at avstanden opp til Sørlandssenteret på 7. plass aukar, samstundes som Kvadrat i Sandnes halar innpå.
Lagunen
Med en omsetnad på 661 millionar i første kvartal er Lagunen no det kjøpesenteret i landet som kan skryta av størst omsetnad. Handlesenteret i Fana gjekk mot straumen og auka omsetnaden med 20 millionar kroner, tilsvarande 3,1 prosent, i første kvartal, samanlikna med same perioden i fjor.
Åsane er tredje størst i vest. Ein omsetnad på 377 millionar er nok til å sikra handlesenteret nord i Bergen ein 15. plass i nasjonal samanhang.
Omsetnaden på Vestkanten sank med 8 millionar kroner, til 355 millionar, og sikra senteret ein 19. plass nasjonalt.