Hausten kan verta hard for dei tilsette i offshoreindustrien i Bergensområdet, fryktar konserndirektør Linda Litlekalsøy Aase i Aker Solutions.

FrP si stortingsgruppe har så smått starta valkampen. Framover varslar dei ein serie med innspelsmøte der dei vil lytta til orienteringar frå «grasrota». I dag var det Helge Andre Njåstad, Silje Hjemdal og Hans Andreas Limi som møtte representantar frå industrien og næringslivsorganisasjonane på Skype.
Demobilisert
Oljeservice-giganten Aker Solutions ASA har demobilisert 4.000 norske tilsette som følgje av korona og oljeprisfall. 1.000-vis av arbeidsplassar står i fare dersom ikkje aktivitetsnivået snart tek seg opp att, kunne konserndirektør Linda Litlekalsøy Aase fortelja FrP-politikarane.
Låg oljepris
Litlekalsøy Aase er særleg uroleg for at den låge oljeprisen skal føra til at planlagte, større prosjekt offshore verta utsett. Det kan få store konsekvensar. Ikkje berre risikerer verksemda å mista eigen kompetanse. Dei kring 2.500 norske underleverandørane som i eit normalår sel varer og tenester for 10 milliardar kroner til offshore-giganten vil og mista oppdrag, og ringverknadane vil spreia seg i lokalmiljøa der verksemda har basane sine.
Elektrifisering
Prosjekta starta på ingeniørkontora. I Bergens-området er det særleg elektrifiseringa av Troll vest Litlekalsøy Aase fryktar kan verta utsett. Prosjektet er avhengig av Regjeringa si støtte for å gå vidare, sjølv om Aker Solutions alt har vunne konkurransen om oppdraget, ifølgje Litlekalsøy Aase.
Skattereduksjon
For å kompensera for den låge oljeprisen har Regjeringa fremma forslag til mellombelse endringar i petroleumskattelova.
Forslaget reduserer balanseprisen til under ein dollar fatet, og er ikkje godt nok, fortalte Litlekalsøy Aase FrP sine stortingsrepresentantar.
Med Norsk Industri sitt motframlegg vil balanseprisen auka til oppunder 10 dollar, ifølgje konserndirektøren.