Ei nettavis er i stadig utvikling. Nettavisa Tunnelsyn.no skiftar namn til Øygarden24.
I fem år har Tunnelsyn.no vore nettavis for innbyggjarane i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy. Namneskiftet reflekterer at tre av kommunane ved årskiftet slo seg saman til Øygarden, og at øykommunen vest for Bergen er vårt primære dekningsområde.
Måsen, nettavisa sitt kjenneteikn, er framleis med oss. I den nye headinga ser vi måsen mot opprørt hav – elementet som omgjev øysamfunnet vårt på alle kantar og som er så kritisk for levevegen vår.
Grønfargen er eit medvite val. Vi skal vera med å peika på alternative, grøne løysingar for øysamfunnet i åra som kjem. Raudfargen? Nettavisa skal framleis vera aktuell – og vi skal vera motig – på innbyggjarane si side!
Eit namnebyte er ein lang og omstendeleg prosess, også i vår digitale tidsalder. Du kan finna oss ved å gå direkte inn på https://øygarden24.no. Enn så lenge vil du framleis også kunna finna oss på https://tunnelsyn.no.
Husk at det er i motvind at måsen stig!
LikarLikar
Takk Kjell,
Her i Øygarden har vi motvind frå alle kantar!
Lukke til med nasjonaldagen! Husk å senda bilete frå den lokalte feiringa til Øygarden24.no:-)
LikarLikar