Nærleiken til regionsenteret Straume sentrum var avgjerande for kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Departementet overprøver motsegnene til fylkesmannen og Vestland fylke mot Straume Handelseiendom AS sitt framlegg til reguleringsplan for Smålonane.
Striden med fylkesmannen og Hordaland fylkeskommune gjekk i hovudsak ut på kva type varer det skulle kunne vera lov å selja i dei planlagte bygga.
Les: Meklinga stranda på definisjonar
Detaljhandel
Reguleringsplanen for det 39 mål store området under høgspentlinja i krysset mellom Arefjordvegen, Industrivegen og Smålonane legg opp til 19.000 kvadratmeter handelsareal, både med plasskrevjande varer og detaljhandel. 4.000 kvadratmeter er avsett til detaljhandel og 15 000 kvadratmeter til handel med plasskrevjande varer.
Plasskrevjande varer omfattar sal av bilar og motorkøyretøy, båtar, landbruksmaskiner, trelast og andre større byggjevarer, hagesenter, møbelsenter, teppesenter og utsal av kvite- og brunevarer.
Styrka sentrum
Fylkesmannen frykta at handelen i området vil verta bilbasert. Han frykta og at handelsvolumet vil gjera området til ein konkurrent og svekka grunnlaget til butikkane i det noverande sentrumet, sidan Straume no vil få ein betydeleg overkapasitet på handel.
Departementet meinar tvert om, at handel i Smålonane vil styrka Straume som eit attraktivt regionalt senter.
I kommunedelplan for Straume (2005-2018), er arealet avsett som nærings- og forretningsområde. Området i Smålonane ligg så vidt utanfor den vedtekne radiusen for Straume sentrums på 800 meter, men er likevel i gangavstand til sentrum, i følgje departmentet.
Du kan lesa brevet frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet på heimesidene til Øygarden kommune.
One thought on “Får lov å byggja handlesenter her”