Ny teknologi og sosiale medier har mangedobla oppslutnaden om gudstenestene i kyrkjene i Øygarden.

I kyrkjelydane i Øygarden er kreativiteten og innovasjonsviljen stor no i koronanes tid. Når kyrkjene er stengde, har prestane funne nye kanalar for å få kyrkjelyden i tale. Kvar helg sidan landet stengde har kyrkjelydane i kommunen veksla på å leggja ut ei ny gudsteneste på internett og Facebook.
Festgudsteneste
17. mai kan innbyggjarane i Øygarden få med seg festgudsteneste frå Hjelme og Blomvåg sokn, lovar sokneprest Espen Tveten.
Med seg på det som vert historiens lengste 17. mai-feiring, har Tveten fått mellom anna ordførar Tom Georg Indrevik. Han skal fortelja litt om eigne 17. mai-tradisjonar og om tilhøvet til kyrkja.
Den nasjonale songskatten høyrer med på ein slik dag. Det lokale gospelkortet vil framføra «fagert er landet». Men det vert og glimt frå kyrkjelyden sin nærare 150 år lange historie, smiler soknepresten løyndomsfullt.
I god jord
Bodskapen om dei digitale gudstenestene har falle i god jord. Langt feire har følgt desse sendingane enn som pleier møta opp i kyrkja ein vanleg søndag, ifølgje Tveten.
At så mange som oppimot 5.000 personar har klikka seg innom ei sending, seier sitt om kyrkja sin posisjon i Øygarden. Eit 1.000-tals personar har følgt dei mest populære overføringane frå inngangsbøna til siste amen.
Mykje arbeid
Opptak av ei digital sending krev både planlegging og tid. Mellom sluddbygene i dag overvar nettavisa Tunnelsyn.no innspelinga av eitt av innslaga ved ei nyrestaurert Gamle Hjelme kyrkje. Opptak av heile sendinga på 20 minutt til truleg krevja meir enn 15 timars arbeid, når redigeringa vert rekna med.
Nyrenovert
Den 145 år gamle kyrkja har vore gjennom ei totalt ytre renovering. Alle berande konstruksjonar, taket, vindauge og det elektriske er skifta ut. No attstår det mest berre å få sertifikat på at det er trygt å ringa med klokka i kyrkjetårnet.
One thought on “Her vert det festgudsteneste 17. mai”