Fjell festning er eit levande krigsminne.

Fjell festning er eit av dei største krigsbyggverka og krigsminna i Europa. Sotra og Øygarden Forsvarsforening og Stiftinga Fjell Festning gjer ein stor innsats for å ta vare på anlegget. Ein stor takk til dei, helsa ordførar Tom Georg Indrevik dei få eldre herrane som hadde funne vegen til minnemarkeringa på festninga 8. mai.
Minnesmerkjet framfor kanonbrønnen er murt opp av 134 steinar, ein for kvart av dei opphavelege befestningspunkta på området, ifølgje Indrevik.

Festningsanlegget vart bygd på rekordtid og med store forsakingar av aust-europeiske krigsfangar. 8. mai er ein dag for å minnast deira innsats.
Ordføraren helsa og la ned krans på vegne av kommunen. Jan Utkilen la ned blomar frå Stiftinga og Vidar Broch på vegne av Sotra og Øygarden Forsvarsforeing.
Indrevik og Utkilen delar gleda for at festningsområdet no er i dagleg bruk og eit populært utfartsområde for innbyggjarane i kommunen.
I dag her det vore kransenedlegging også ved Gamle Hjelme kyrkje, Blomvåg kyrkje, Fjell kyrkje og ved minnestøtta i Telavåg.