8. mai er ei påminning om at fridom ikkje er noko som kjem gratis.

Koronasituasjonen medverka til at få telavågbuar hadde funne vegen til 75-årsmarkeringa for fredsslutninga etter 2. verdskrigen og minnemarkeringa over bygda sine mange falne i tysk fangenskap.
Først og fremst er 8. mai ein dag for å minnast alle dei som kjempa og gav liva sine, i kamp for fridom frå ein ondskap som i dag ikkje er lett å fatta og som vi aldri må gløyma, helsa ordførar Tom Georg Indrevik.
Minnemarkeringa i Telavåg fekk ein dobbelt bodskap dette året. 8. mai er også veterandag. Saman med leiar Jenny Heggvik ved Nordsjøfartsmuseet hadde ordføraren henta inn Sjøforsvaret og veteranforeninga til å vera med å markera dagen.
Veteranane spelar ei viktig rolle for å vidareføra historien til dei som opplevde 2. verdskrigen. Veteranane er ei stadig påminning om at freden ikkje er gratis, men noko vi må kjempar for kvar einaste dag, sa tidlegare brigader Ole Asbjørn Fauske i talen sin.
Meir enn 100.000 nordmenn har i desse 75 åra bidrege til å oppretthalda fred kringom i verda, i 40 internasjonale operasjonar.
Du kan sjå heile minnemarkeringa i Telavåg på Øygarden kommune sine nettsider.
One thought on “Fridom er ikkje noko som kjem gratis”