Endring i Regjeringa sine smittrevernreglar opnar for at pårørande likevel kan oververa kransenedleggingane på minnestøttene over dei falne under 2. verdskrigen.

(Saka er oppdatert.)
Markeringa av 8. mai er framleis kjenslelada for dei som mista nokre av sine under 2. verdskrigen. 75-årsmarkeringa av fredsslutninga i 1945 inneber at det dette året vil vera særleg merksemd om dagen.
I Øygarden vil ordførar Tom Georg Indrevik og varaordførar Atle Dåvøy stå for kransenedlegginga saman med Sotra og Øygarden forsvarsforening og veteranforeninga.
Ordførar Tom Georg Indrevik kunne i dag orientera om at sidan Regjeringa no har opna opp for at inntil 50 personar kan vera tilstade ved eit arrangement, vil det og vera høve for pårørande og publikum å vera tilstade ved kransenedleggingane i kommunen 8. mai.
I Øygarden vert det kransenedlegging fem stadar denne dagen, Gamle Hjelme kyrkje kl. 9.00, Blomvåg kyrkje klokka 9.30, Fjell kyrkje kl. 10.30, Fjell Festning klokka 11.00 og i Telavåg kl. 11.45.
I Telavåg er det tradisjon å feira dagen. Her er det lagt opp til eit meir omfattande program, med representanter for Forsvaret tilstade. Her er det sett av 30 plassar til bygdefolk, ifølgje Møvik-Olsen.
Meld frå!
Dei som ønskjer å delta ved kransenedleggingane må likevel melda frå i forkant, enten til leiar for Sotra og Øygarden Forsvarsforening, Vidar Broch, telefon 91640032, eller til kulturleiar Christel Møvik-Olsen telefon 98637225.
I Telavåg er Jenny Heggvik ved Nordsjøfartsmuseet kontaktperson, telefon 92822504.
Indrevik minnar samstundes om kor viktig det er å følgja smittevernreglane og halda avstand.