Det vert drama, hevn og forsoning når skodespelaren Bjarte Hjelmeland framfører «Terje Vigen» på Bibliotekscena – kommunen sitt eige lokal-tv.

«Terje Vigen» er eit av Henrik Ibsen sine mest folkekjære dikt. Den intense og fortetta forteljinga om sakn, hevn, drama og forsoning har lenge vore eit av favorittdikta til Bjarte Hjelmeland. Under koronaen las han inn diktet med Viksøy og Nordsjøen som kulisser.
Torsdag 7. mai kan øygardstrilane nyta framføringa på kommunen sitt eige lokalt-tv. Bak initiativet står Øygards-biblioteket. Førestellinga er streama og Øygards-biblioteket har kjøpt retten til ei framsyning, og du kan få med deg hendinga på din eigen pc – heilt gratis.
I same sendinga kan du og lytta til musikaren Trond Olsen. Arkivbilete.
Tilbodet inngår i Øygards-biblioteket sine faste torsdags-sendingar «Torsdagskveik frå bibliotekscena» no i korona-tida. «Når ikkje du kan koma til oss, må vi koma til deg», kunngjer biblioteksjef Bente Fosse i ei pressemelding.
Les: Etterlyser lokale artistar
Bjarte Hjelmeland inntek den digitale scenen klokka 19.00. Her finn du lenkje til sendinga.