Dette vert ein nasjonaldag du heilt sikkert vil minnast.
Det vert 17. mai-feiring dette året også, og dette vert ei markering av nasjonaldagen øygardsstrilane heilt sikkert vil minnast, lover ordførar Tom Georg Indrevik og kulturleiar Christen Møvik-Olsen i Øygarden.
Dei to lovar ei annleis feiring i koronaens år. Vanlegvis er feiring av nasjonaldagen eit grasrotarrangement på dei einskilde skulane. I år får dagen eit sterkare offisielt preg, seier Indrevik som har vore med å utarbeida programmet i samarbeid med 17. mai-komiteane kring om i kommunen, musikkorpsa og blålysetatane.
Les: Blålys og sirener skal erstatta barnetoget 17. mai
Kortesjar
Barnetog vert det som kjent ikkje. Heller ingen arrangment på skulane. Fire bilkortesjar – ein i kvar del av kommunen – med blålysetatane i front, skal i staden bidra til å gje flest mogeleg av innbyggjarane nasjonalkjensle.
17. mai-komiteane er oppfordra om å pynta langsmed vegen og ordføraren oppfordrar innbyggjarane om å stilla langs rutene med flagg. På utvalde stadar vil det verta halde korpskonsertar.
Omsorgsinstitusjonar
Rutene er lagt opp til å gå innom flest mogeleg av omsorgsinstitusjonane i kommunen. Slik vil langt fleire få oppleva dagen enn om arrangementa hadde vore begrensa til skulane, seier Indrevik.
Dei som har bilar dei ønskjer å visa fram, har høve til å gjera det, så framt dei melder bilen på i forkant, lovar Møvik-Olsen.
Flagglengdes avstand
-Sørg for at det vert ein 17. mai med ei flagglengdes avstand. Situasjonen er framleis svært sårbar, og no er det flest perosnar i 20-åra som vert smitta. Husk at smittevernreglane gjeld også denne dagen, oppfordrar Indrevik.
Lokal-tv
For første gong skal øygardsstrilane dette året få vår eiga lokale tv-sending i anledning dagen. Slik kan du følgja med på det som skjer på pc-skjermen, utan å bevega deg frå sofakroken.
Den digitale sendinga startar klokka 11.00 og vil omfatta eit kulturprogram utvikla av Bibliotekscenen med lokale artistar og med gudsteneste i nyrestaturerte Gamle Hjelme kyrkje. Klokka 13.00 startar direktesendinga frå dei fire kortesjane. Alle leiarbilane vil ha kamera som tek opptak frå ferda minutt-for-minutt, lovar Møvik-Olsen.
Heile programmet vert sendt i reprise kl. 18 – 21, med Svein Ekrem som konferansier.
Nedanfor kan du studera kart over dei fire kortesjane:
Rute aust – Litle Sotra, Bildøy og Bjorøy
Rute nord – Øygarden, Solsvik og Vindenes
Passeringstider vil verta kunngjort når dagen nærmar seg.
One thought on “17. mai på ei flagglengdes avstand”