Færre heilt ledige, fleire jobbar deltid.

NAV føl utviklinga på arbeidsmarknaden nøye no i desse korona-tider. Utviklinga sist veke viser at til saman 3.072 øygardsstrilar sleit med tilknytninga til arbeidsmarknaden ved utgangen av april.
Medan 1.988 personar var registrert som heilt ledige, er det nærare 50 prosent fleire som jobbar deltid. 111 personar går på tiltak.
Opptining
Verksemdene i Øygarden er i ferd med å tina opp frå den regjeringspålagte nedfrysinga i mars, viser NAV sin siste statistikk for april.
Ved utgangen av månaden var 100 færre registrert som heilt ledige i kommunen enn ei veke tidlegare.
Ikkje alle får heil stilling, antydar statistikken. 63 fleire jobba ufrivillig deltid enn ei veke tidlegare. Medan ufrivillig deltid vanlegvis er noko som rammar kvinner, er det no heile 125 fleire menn enn kvinner som ikkje får arbeida så mange timar som dei gjerne vil.
I Vestland ser vi same utviklinga. Medan 2.066 færre vestlendingar no er heilt ledige, er det 1.195 fleire som jobbar deltid.
Arbeidsmarknaden 30. april 2020 | ||||
Heilt ledige | Delvis ledige | På tiltak | Totalt | |
Øygarden | 1.988 | 973 | 111 | 3.072 |
Vestland | 31.352 | 15.333 | 1.488 | 48.173 |