Mobiliserer til kamp for FAU

Foreldreutvala ved skulane spelar ei altfor viktig rolle til at ordninga kan avviklast.

FAU-leiar Jimmy Håkonsund ved Stranda skule har sikra seg støtte frå FrP både frå Silje Hjelmdal på Stortinget (tv) og frå Kristin B. Jacobsen i utval for tenester og levekår i Øygarden.


Det herskar eit gryande opprør mellom foreldra ved Stranda skule. Meldinga om at Regjeringa har på bordet eit forslag om å avvikla FAU har initiert ei brei mobilisering til forsvar for dagens ordning.

-Mange foreldre har ikkje fått med seg at skuledemokratiet er i fare, hevdar Kristin B. Jacobsen, FrP sin lokallagsleiar i Øygarden.

Nettavisa Tunnelsyn.no var til stade då ho møtte FAU-leiar Jimmy Håkonsund ved Stranda skule og stortingsrepresentant Silje Hjemdal (FrP) til ein samtale om FAU og konsekvensane for skuledemokratiet om ordninga vert avvikla.

Viktig rolle
-FAU spelar ei viktig rolle i skulekvardagen, hevdar Jimmy Håkonsund som har vore valgt leiar for FAU ved Stranda skule dei siste to åra.

Som pappa til to ungar på 10 og 12 ser han det som naturleg å involvera seg i ungane sin skulekvardag og i det som skjer på skulen, både i det fysiske miljøet og i læringsmiljøet.

Mobiliserer
Ved barneskulen sørvest i Øygarden er FAU som mobiliserer foreldra til dugnadar og pengeinnsamlingar. Slik har skulen fått både ballbinge og volleyball-bane. Nett no er det kampen for ny og større gymsal som opptek FAU-leiaren mest.

-FAU har to representantar i skulen sitt samarbeidsutval. Det verkar som om rektor ser FAU som ein viktig medspelar. Når vi stiller oss bak eit forslag, vert det gjerne noko av, smiler Håkonsund.

Samarbeid heim – skule
Bak forslaget om å avvikla FAU står utvalet som har utarbeidd den offentlege utgreiinga om Opplæringslova (NOU 2019:23). Å fjerna paragraf 11 om foreldreutval frå lovteksten er berre eit av forslaga i den meir enn 800 sider tjukke utgreiinga.

I staden bør det vera opp til den einskilde rektor eller kommunestyre å avgjera korleis samarbeidet mellom heim og skule skal organiserast og korleis skuledemokratiet bør fungera, føreslår utvalet.

Lovfesta rett
-Foreldreengasjementet i skulane kan best sikrast gjennom ein lovfesta rett, hevdar Håkonsund.

Får så vera at det er forskjell på foreldre, og at ikkje alle foreldreutval fungerer like godt. Einskilde foreldre vert kan hende litt vel engasjerte, medan andre kan hende ikkje tør å gripa ansvaret i møte med ein myndig rektor med knappe budsjett. Ei lovfesta ordning fungerer uansett som ein open invitasjon til samarbeid mellom heim og skule.

Politisk støtte
Silje Hjemdal i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget (FrP) gjev Håkonsund si heilhjarta støtte. Noko openbar grunngjeving for forslaget om å avvikla FAU kan Hjemdal ikkje lesa uta av NOU-en. Forslaget høyres underleg ut, tenkjer stortingsrepresentanten.

I nye Øygarden er det fleire døme på at FAU ved einskilde skular har markert seg som sterkt usamde i politiske saker, særleg når spørsmål om skulestruktur har stått på dagsorden. Eit sterkt grasrotengasjement vil likevel ikkje vera noko argument for å avvikla ordninga, seier Hjemdal.

Tvert om, seier stortingsrepresentanten som er mest redd for av ei avvikling av FAU vil føra til at fleirtalet av foreldre vert enno meir passive og vanskelegare å engasjera enn i dag.

-Om skuledemokratiet mister denne dimensjonen. Kva sit foreldra då att med? FAU er deira stemme, slik at dei kan vera med å påverka, hevdar Hjemdal.

-Når skulane skal ha ei form for demokrati, bør det skje i ordna formar. FAU har vist seg å vera ei ordning som fungerer, legg ho til.

Tek opp saka
Hjemdal lovar Håkonsund at ho vil vera FAU sin talsperson ovanfor FrP sine lokallag i Vestland, partikolleger på Stortinget og i Familie og i kulturkomiteen på Stortinget.



Sjølv om forslaget no ligg på Regjeringa sitt bord, oppfattar ikkje stortingsrepresentanten slaget for tapt:
-Som opposisjonsparti opplever FrP at vi vert lytta til i Regjeringa, slår Hjemdal fast.

Dramatisk inngrep
-Å avvikla FAU vil vera eit dramatisk inngrep i foreldra sin påverknad på innhaldet i skulen og i lokaldemokratiet, hevdar Jacobsen.

Som medlem i utval for tenester og levekår i Øygarden er ho svært oppteken av å lytta til det innbyggjarane i kommunen har på hjarta. I denne samanhangen har ho alt fått fleire uromeldingar frå engstelege foreldre som har høyrt rykter om lovendringa og som no fryktar å verta utestengde frå ungane sin skulekvardag.

-Heilt klart ei sak eg vil ta opp i utval for tenester og levekår. Eg håpar å få utvalet med meg på at Øygarden bør senda eit høyringsinnspel i denne saka, seier Jacobsen.



Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.