For første gong sidan testinga for koronavirus tok til er ingen personar frå Øygarden i isolasjon.

Det er ikkje registrert nye smitta personar sidan 20. april, melder Øygarden kommune.
Totalt har 53 personar frå Øygarden fått påvist koronavirus.
Omfanget av testing har auka dei siste to vekene. I løpet av dei fire dagane sidan 27. april er 118 innbyggjarar i kommunen testa, ifølgje smittevernlege Jens Eikås.
Ingen personar frå kommunen er lenger til behandling på sjukehus eller på koronaavdelinga på Straume.