Nytt rekordår for ACOS-gründar

Fleire store avtalar siste åra gav full utteljing for programvareleverandøren i Trollhaugmyra i fjor.

Gründar og styreleier Conrad Hansen (tv) tok eit utbyte på 30 millionar kroner for 2019. Dagleg leiar Bent-Inge Storheim til høgre.

Den lokale programvareutviklaren som konsentrerer seg om sakshandsamingsløysingar til det offentlege, og som rosar seg av å ha distriktskontor i Oslo, sikra driftsinntekter på 192,6 millionar kroner i fjor. Verksemda klarte dermed å oppretthalda inntektsnivået frå 2018, trass i at fjerdedelen av verksemda vart skilt ut som eige selskap.

Les: Dobbelt grunn til å feira

Gründar og styreleiar Conrad Hansen, saman med dagleg leiar Bent-Inge Storheim, klarte samstundes å dra i havn eit resultat før skatt på heile 39,5 millionar, tilsvarande 20 prosent.

Conrad Hansen og hans næraste familie eig no 98 prosent av aksjane gjennom eigarverksemdene ACOS Mor AS og ACOS Invest AS. Styreleiaren henta ut eit utbyte på 30 millionar kroner, like mykje som i 2018. 

Les: Nærmar seg 110 millionar – i utbyte

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.