Fylkesutvalet i Hordaland ser ikkje grunnlag for å omklassifisera ny Fv. 561 Kolltveit – Ågotnes til riksveg for å sikra finansiering gjennom NTP.

Ny veg frå Kolltveit til Ågotnes drukna i diskusjonen om dei store vegprosjekta då fylkesutvalet i Vestland i dag drøfta prioriteringane til ny Nasjonal Transportplan (NTP) for 2022 – 2033.
Behovet for omklassifisering av forlenginga av Sotrasambandet frå Kolltveit til Ågotnes frå fylkesveg til riksveg er overhovudet ikkje nemnt i fylkesutvalet si fleirtalsinnstilling. Øygarden har ingen faste medlemmar i fylkesutvalet. Ingen av dei 17 fylkespolitikarane tok heller til orde for å støtta innspelet frå kommunestyret i Øygarden om at ny fv. 561 bør finansierast over Nasjonal Transportplan.
Les: Tok forbehald mot bompengar på «vegstubben» frå Kolltveit til Ågotnes
Den nær 10 kilometer lange vegen gjennom utmarka har ein førebels prislapp på opp under tre milliardar kroner.
Beslutninga om å flytta Bergen Havn til Ågotnes aktualiserer behovet for ny veg nordover. Kampen om knappe fylkesvegmidlar tilseier imidlertid at vegen bør byggjast med statlege midlar, meinar fleirtalet i kommunestyret i Øygarden.
Fylkesutvalet hadde heller ikkje motforestillingar mot å sletta fylkesrådmannen si støtte til Statens vegvesen si prioritering av Sotrasambandet som bunde prosjekt i noverande NTP.
Mange store og kostbare vegprosjekt kjempar om fylkespolitikarane si prioritering i Vestland fylke si tilråding til Nasjonal Transportplan (NTP) 2022 – 2033. Fleirtalet er samde om å nedprioritera ferjefri E39, til fordel for auka tryggleik på vegnettet og oppgradering av veg- og jernbanelinja Arna – Voss.
Fylkestinget vedtek den endelege prioriteringa 12. mai.
One thought on “Prioriterer ikkje forlenginga av Sotrasambandet”