I håp om å bidra til å stabilisera oljeprisen varslar olje- og energiminister Tina Bru (H) at Norge vil kutta i oljeproduksjonen resten av året.

Korona-situasjonen har bidrege til å auka dei internasjonale oljelagra og ei dramatisk seinking av oljeprisen. Norge står for to prosent av den internajonale produksjonen, men er ikkje med den avtalen dei oljeproduserande landa OPEC nyleg vart samde om. No varslar olje- og energiminister Tina Bru (H) omfattande norske kutt i produksjonen.
I juni vil den daglege produksjonen verta redusert med 250.000 fat, til 1,601 millionar fat dagleg. Ved utgangen av året skal den daglege produksjonen vera 300.000 fat lågare enn det produsentane har planlagt for.
Kutta vil verta fordelt på felt og selskap på norsk sokkel.
Samstundes varslar olje- og energiministeren ei utsetjing av produksjonsstarten på fleire felt til neste år. Totalt vil dette utgjera 166.000 fat dagleg ved utgangen av desember.
Norsk gassproduksjon vert ikkje omfatta av kuttiltaka.