Høgre, FNB og FrP hadde helst sett at saka vart utsett. Fleirtalet i fylkesutvalet vedtok likevel å starta planlegginga av ein felles bustadpolitikk i Bergens-området.
Som ei oppfølging av den vedtekne planen for regional areal- og transport i Bergensområdet vil fylkespolitikarane ta grep om bustadbygginga i Øygarden, Askøy, Bjørnafjorden, Alver og Bergen. Ei utvikling mange oppfattar som ei alvorleg overkøyring i kommunane sitt sjølvstyre, og som var ei av dei sterkaste innvendingane mot byvekstavtalen for Bergens-området.
Les: Fylkeskommunen tek grep om bustadbygginga
Storparten av diskusjonen i fylkesutvalet dreia seg om korvidt arbeidet bør sjåast i samanhang med arbeidet med det føreståande planprogrammet i Vestland. Eit forslag som vart nedstemt mot dei sju røystene til Høgre, FNB og FrP.
Marte Hammer (SV) skal leia den politiske referansegruppa. Terje Søviknes (FrP) vert nestleiar. Kvar av kommunane skal inviterast til å senda ein representant til referansegruppa.