Sotrasambandet er i rute, kunne prosjektleiar Arve Tjønn Rinde i Statens vegvesen beroliga det utvida formannskapet.

Kontraktane på mindre jobbar på Sotrasambandet vekkjer interesse hos entrepenørane om dagen. Utlysinga av ein mindre kontrakt i samband med omlegginga av høgspentlinja på Straume har så langt blitt lasta ned kring 20 gongar, kunne prosjektleiaren Arve Tjønn Rinde i Statens vegvesen fortelja. Men først når fristen går ut 10. mai vil han kunna svara på kor mange som legg inn tilbod.
Ingen utsetjingar
Korona-situasjonen har ikkje ført til utsetjingar i arbeidet med å prekvalifisera dei fire utanlandske entrepenør-konsortiene som har vist interesse for å byggja norgeshistoriens så langt dyraste vegsamband med eit kostnadsoverslag på vel 10 milliardar kroner.
Les: For stort for norske entrepenørar
Milepæl
30. april vert neste milepæl. Då reknar prosjektleiaren i Statens vegvesen med å kunna kunngjera kven av dei fire aktørane som vil verta med i sjølve kvalifiseringsrunden.
Å dela opp OPS-kontrakten, som Stortingsrepresentant Ruth Grung (A) har føreslege, vil føra til at anleggstarten vert forseinka. Truleg vil det heller ikkje auka sjansane for at norske entrepenørar vil koma i posisjon til å leggja inn bod, kunne Rinde svara på spørsmål frå Nils Kåre Skoge (H).