Smittevernlege Jens Eikås og pandemilegevakta i Øygarden førebur ei opptrapping i talet på korona-testar til 500 i veka. Tilbodet av andre legetenester skal samstundes gradvis normaliserast.

Opptrappinga i testinga lokalt er ein del av Folkehelseinstituttet sitt pålegg om at 100.000 personar skal testast i veka når samfunnet opnar opp att etter korona-pandemien. 500 testar i veka utgjer Øygarden sin kvote i forhald til folketalet, fortel smittvernlege Jens Eikås til nettavisa Tunnelsyn.no.
500 testar i veka inneber ei mangedobling samanlikna med kva som til no har vore gjennomført lokalt.
Testinga har til no vore retta mot personar i risikogruppene. Heretter må det testast langt breiare, skal ein ha håp om å kunna identifisera smitteberarane.
Les: Oppfordrar øygardsstrilane om å bruka munnbind
Detaljane kring den praktiske organiseringa av prøvetakinga er i ferd med å falla på plass i desse dagar. Ein stor del av prøvetakinga vil skje i Pandemi-legevakta i Sotra Arena. Kanhende vil det også verta behov for å etablera «drive-in» ordningar på Rong og Skogsskiftet, seier Eikås.
Symptom som feber, mykje hoste, kortpusta og vond hals vil framleis vera avgjerande for kven som vert testa.
Opptrappinga i testinga vil skjer i nær framtid. Datoen er enno ikkje fastlagt. Når startskotet går skal helsevesenet i Øygarden vera klar, lovar smittevernlegen.
Tilbodet av ordinære legetenester har lide under korona-pandemien. Mange operasjonar har blitt utsett, og talet på rapporterte slagtilfelle har gått kraftig tilbake, seier Eikås, utan at han har lokale tal å visa til.
Parallellt med opptrappinga av prøvetakinga skal også aktiviteten på andre område i helsetenesta gradvis normaliserast.
Les: Etablerer pandemi-legevakt
One thought on “Skal testa 500 øygardsstrilar i veka”