Oppfordrar øygardsstrilane til å bruka munnbind

Som ein del av dugnanden mot korona bør øygardsstrilane byrja bruka munnbind når dei ferdast på stadar med mykje folk.

Lege Micaela Thierley ved Øygarden lokalmedisinske senter har funne fram svigermor si gamle symaskin for å sy munnbind.

Øygarden har sluppe rimeleg bra unna korona-pandemien, så lagt. No fryktar helsepersonell at vi kan få ei ny bølgje av sjukdomstilfelle når samfunnet gradvis opnar opp att. 

Frivillig
Det er i dag frivillig å bruka munnbind i det offentlege rom i Norge. Lege Micaela Thierley ved Øygarden lokalmedisinske senter trur imidlertid at det kan koma eit påbod om ikkje så lenge.

Noko av det skumle med korona-pandemien er at du godt kan vera sjuk og spreia smitte, utan at du har noko særleg symptom. Difor er det viktig å verna andre mot at du sjølv uforvarande skal spreia smitte, seier Thierley.

– Ta på deg munnbind når du er på senteret, på bussen eller andre stadar med mykje folk, oppfordrar legen. 

-Bruk av slike munnbind vil kunna redusera talet på smitta mykje. Tenk om Øygarden kunne verta ein foregangskommune på dette området, seier den entusiastiske legen.

Ordførar Tom Georg Indrevik støttar heilhjarta opp under helsepersonellet si oppfordring.

Syr sjølv
Sjølv har Thierley, saman med kollegaer innen helsevesenet, funne fram symaskina og byrja sy sine eigne munnbind. 

Med tre lag tettvove stoff vil dei heimesydde munnbinda vera eit godt vern mot at du sjølv skal koma til å spreia smitte, seier Thierley.

Dei heimesydde munnbinda tilfredstiller ikkje krava til bruk i helsevesenet, og vil ikkje vera eit effektivt vern mot at du sjøl skal verta smitta, understrekar legen.

Val av stoff
Å kjøpa munnbind for eingongs bruk er dyrt. Med den einkle oppskrifta som personalet ved Øygarden lokalmedisinske senter nyttar, har du sjansen både til å spara pengar og til å personalisera ditt eige smittevernutstyr.

Val av stoff er viktig. Det må vera tettvevd, og tola vask på 60 grader. Utslite sengetøy er eit godt døme på kva type materialer som kan eigna seg. 

Du kan lasta ned oppskrifta på Øygarden kommune sine heimesider.

2 thoughts on “Oppfordrar øygardsstrilane til å bruka munnbind

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.