Problema på arbeidsmarknaden er langt større enn tidlegare offentleggjort

Meir enn 3.100 øygardsstrilar har for tida vanskar på arbeidsmarknaden.

Korona, oljeprisfall og låg kronekurs rammar langt fleire Øygardsstrilar enn tidlegare opplyst. Mange fleire enn før har fått redusert arbeidstida.

NAV har i dag offentleggjort statistikk over utviklinga på arbeidsmarknaden i Vestland dei siste to vekene.

Korona-pandemien har opna for radikal forverring, men og ei nyansering av situasjonen. Det er ikkje lenger berre dei heilt ledige som vert synleggjort i meldingane. Ved å følgja nettavisa Tunnelsyn.no si oppfordring om ei spesifisering av gruppa «delvis ledige» på kommune-nivå bidreg NAV til å gjeva eit meir sannferdig bilete av nosituasjonen.

Les: Vil gjerne jobba meir

Les: NAV juksar med arbeidsløysetala

Tre kriser
Korona, oljeprisfall og låg kronekurs. Tre samtidige kriser rammar oljesmurte Øygarden hardt. Langt fleire Øygardsstrilar jobbar no deltid. Ved å ta med gruppa «delvis ledige» synleggjer NAV at problema på arbeidsmarknaden for tida rammar 41 prosent fleire av innbyggjarane i kommunen enn det arbeidsmarknadsetaten tidlegare har opplyst om.

Les: Arbeidsløysa har passert ti prosent

Øygarden er den Vestland-kommunen utanfor Bergen som er hardast ramma. Heile 3.112 øygardsstrilar har per dags dato ikkje den tilknytinga til arbeidsmarknaden som dei gjerne skulle ønska, ifølgje NAV.

Heilt eller delvis?
67 prosent, eller 2.088 av dei er registrert som heilt ledige. Det er omlag det same som for to veker sidan. Men, medan det no er 20 fleire heilt ledige kvinner, er 16 færre ledige menn eit signal om at det framleis er eit visst aktivitetsnivå i den lokale industrien.

Det er for tida registert 910 delvis ledige. Dette er personar som jobbar mindre enn halv stilling, men som gjerne skulle hatt høgare stillingsprosent.  Her er det 14 færre enn for to veker sidan. 

Talet på personar på tiltak heldt seg stabilt samanlikna med før påske – 114 personar.

Les: Har ikkje rett på dagpengar

Det framkjem ikkje kor mange av dei ledige i Øygarden som er permitterte.

Nest største kommunen
Talet på heilt eller delvis ledige i Vestland tilsvarar i dag innbyggjartalet i nest største kommunen i fylket.  Heile 49.047 personar er ramma. 33.418 er registrerr som heilt ledige, 14.138 delvis ledige og 1.491 personar går på tiltak.

Det er flest ledige innan reiseliv og transport (6103), butikk- og salsarbeid (4976) og
serviceyrke (4761). Det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (231),
akademiske yrke (328) og blant meklarar og konsulentar (707), ifølgje NAV.

 

Situasjonen på arbeidsmarknaden per 21. april 2020.

  Heilt ledige Delvis ledige Tiltak Totalt
Øygarden 2088 919 114 3112

 

One thought on “Problema på arbeidsmarknaden er langt større enn tidlegare offentleggjort

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.