Ingen diskusjon om flyttinga av asfaltverket

YIT Norge AS får ikkje dispensasjon for ei midlertidig flytting av asfaltverket  til Søre Straume.

Får ikkje flytta hit. Den aktuelle tomten i sørenden av Straume Næringspark vert i dag nytta for mellomlagring av stein og grus. Arkivbilete.

Mangelen på diskusjon i Planutvalet om den kontroversielle midlertidige flyttinga av asfaltverket frå Knarrevik til Straume Næringspark var nærast pinleg. 

Berre den fagutdanna asfaltarbeidaren Leif Bjarne Fjellro (FNB) tok til orde for at flyttesøknaden burde kunne tillatast, Representantane frå dei andre politiske partia var samstemte om at denne typen næringsverksemd ikkje bør plasserast i nærleiken av eit bustadområde.

Administrasjonen hadde på førehand frårådd å gje dispensasjon.

Les: Frårår å flytta asfaltverket til Søre Straume

Asfaltverket i Knarrevik kjem i vegen for Sotrasambandet i anleggsperioden. Eigaren, YIT Norge AS, hadde difor søkt om dispensasjon frå arealføremål, utnyttingsgrad og byggjehøgde for den aktuelle tomten heilt i sjøkanten heilt i søre enden av næringsparken på Straume.

Vedtaket var samrøystes.

Les: To stadar aktuelle for flytting av asfaltverket

-Vi skal ikkje sjå vekk frå at det kan koma ein søknad om ei alternativ plassering i kommunen, oppsummerte utvalsleiar Svein Otto Jacobsen (FrP) diskusjonen. 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.