Eit fat nordsjøolje vert i dag omsett til under 20 dollar.

Ein katastrofe kjem sjeldan aleine. Eit sterkt redusert forbruk av olje som følgje av korona-situasjonen har medverka til at oljeprisen i dag er på sitt lågaste sidan 1999, ifølgje DN.no.
Forhandlingane mellom dei oljeproduserande landa, OPEC, og Russland om å redusera produksjonen skapte for ei kort tid optimisme i det globale oljemarknaden. Oljelagre som fløymer over fører imidlertid til at golvet no bokstaveleg talt sviktar under oljeprisen. Prisen på eit fat nordsjøolje for levering om ein månad har i dag falle nærare 20 prosent, og ligg i skrivande stund på 19,53 dollar.
Den internasjonale oljemarkanden er i dag prega av uvanleg store svingningar. Prisen har no teke seg litt opp att, etter ei kort tid å ha vore heilt nede på 16 dollar fatet.
Fleire av felta i Nordsjøen produserer no med tap, då dei har ein produksjonspris på godt over 30 dollar fatet.