Blålys og sirener skal erstatta barnetoga 17. mai

Mange sørga då musikkorpsa ikkje lengre hadde anledning til å slå an tonen i barnetoga 17. mai. I koronaens år forsvinn barnetoga også.

Det vil verta 17. mai- feiring i år også, men ei annleis feiring enn det vi er vant til, varslar leiinga i Øygarden kommune.

-Vi lovar ei fering vi vil huska lenge, seier ordførar Tom Georg Indrevik til kommunen si heimeside.

Brannbilkortesjar
Brannbilkortesjar, tilsvarande den vi opplevde 2. påskedag, skal ersatta barnetoga dette året, har Indrevik, varaordførar Atle Dåvøy og kulturleiar Christel Møvik-Olsen blitt samde med dei lokale 17. mai-komiteane om.

Les: -Kjekt med blålys og sirener!

Markeringa av nasjonaldagen må gjennomførast trygt innanfor dei rammene som sikrar oss mot smittespreiing. Dette krev stor innsats ikkje minst frå dei vaksne, seier Indrevik.

– Vi må ikkje koma i ein situasjon som gjer at vi risikerer smittespreiing. Eg oppmodar oss alle til å ta ansvar, legg ordføraren til.

Ingen av skulebygga i kommunen vil verta tekne i bruk i samband med markeringa av nasjonaldagen dette året.

Digital markering
Det vil verta fire brannbilkortesjar, ein i kvar del av kommunen. Men det vert meir, lovar arrangørane. For første gong vil øygardsstrilane få oppleva ei digital markering av 17. mai.

Klokka 11.00 vert det tale ved ordførar og leiar av ungdommens kommunestyre. Dette sendt på nettsida og Facebook som eit arrangement.

– Det vert videoinnslag med kulturinnslag ved lokale artistar, kulturskulebarn og frå barneskulane. Elevane spelar inn heiarop, og dei vert utfordra til å senda inn teikningar som vi publiserer på nettet. Folk må gjerne senda bilete av feiringa heime, i hagen, i båten, og senda til instragramkontoen vår #17. mai Øygarden, seier Møvik-Olsen.

17. mai-komitéane vert utfordra til å bidra med flaggheising, vera løypevakter, gje lokal informasjon og gjerne pynta  med bjørk og flagg langs løypa. 

3 thoughts on “Blålys og sirener skal erstatta barnetoga 17. mai

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.