At utgiftene til vikarar, ekstrahjelpar og sjukeløn i første kvartal overskrid budsjettet med 17 millionar kroner kjem ikkje overraskande på Marianne Sandahl Bjorøy (A).

Den tidlegare Arbeidarparti-ordføraren i Fjell uttrykte alt i budsjettprosessen sist haust sterk skepsis til posisjonen sitt forslag til kutt i vikarkostnadane.
Kommunalsjef for økonomi, Anne Erdal si oppsummering av status for det utvida formannskapet i går viste at skepsisen var vel begrunna.
Les: No eksploderer vikarutgiftene
For å fylla hola i vaktlistene og tilby øygardsstrilane dei tenestene dei forventar, har avdelingsleiarane innan helse, omsorg og oppvekst måtta dekka sjukepengar og henta inn vikarar og ekstrahjelpar til ein samla kostnad på 17 millionar kroner meir enn budsjettert.
-Det er ikkje overraskande det som no kjem frem om vikarbruken. Det var ein grunn til at kommunedirektøren la fram eit budsjettforslag som var 20 millionar lågare enn det flertallet vedtok, skriv Sandahl Bjorøy i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no.
-Det er sjølvsagt litt spesielt i desse koronatider, og vikarbruken er høgare enn forventa. Vi kan likevel konkludera med at fleirtalet sitt budsjettframlegg om redusert vikarbruk er urealistisk både med og utan korona, skriv Sandahl Bjorøy.
Høyt sykefravær og vikarbruk var omfattende før Korona. Det jeg har hørt er at dette skyldes underbemanning og at dette fører til slitasje og sykemeldinger. En ny storkommune som i utgangspunktet er bankerott pga av staten sviktet med overføringer til etablering av ny storkommune er vel årsaken til dette? Så må kommunen spare over en lav sko og mennesker blir syke. Sånn er det bare. Det er pengene som styrer det meste i samfunnet og når de som sitter på toppen svikter så er det de på bunnen som betaler prisen. På toppen er her regjering og storting som ikke forstår de økonomiske konsekvenser av å slå sammen kommuner. Tragisk.
LikarLikar