Kostnadane til vikarar, ekstrahjelp og sjukeløn har gått til himmels dei tre første månadane som ny kommune.

Rekneskapen over variable lønskostnadar viser eit underskot på 17 millionar kroner så langt i år, kunne kommunalsjef for økonomi, Anne Erdal fortelja det utvida formannskapet i Øygarden i møtet i dag.
Underskotet kjem etter at ein optimistisk posisjon i forventning om store effektiviseringar i ein samanslått kommune, vedtok å redusera posten for vikarbruk og sjukeløn med 20 millionar kroner i budsjettdebatten før årsskiftet.
Så langt har ikkje dei forventa effektiviseringane slått inn. For å kunna fylla dei tomme hola i vaktplanane, og tilby øygardsstrilane dei tenestene dei forventar innan helse, omsorg og oppvekst, måtte kommunen ut med variable lønskostndar på til saman 53,9 millionar kroner i første kvartal, viser rekneskapen. Det er 17 millionar kroner meir enn budsjettert, ifølgje Erdal.
Dåverande ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy (A), åtvara i budsjettdebatten sterkt om at eit for sterkt forventningspress til effektiviseringar kom til å gå ut over helse og arbeidsmiljø hos dei tilsette.
Erdal lovar at ho no vil ta grep ovanfor dei einskilde einingsleiarane for å få kontroll på dei variable lønskostnadane.
3 thoughts on “No eksploderer vikarutgiftene”