Frårår å flytta asfaltverket til Søre Straume

Ulempene vil verta større enn fordelar om YIT får lov å flytta asfaltverket midlertidig til Søre Straume.

Denne tomten i næringsparken på Søre Straume er under opparbeiding med tanke på midlertidig plassering av asfaltverket til YIT Norge AS. Arkivbilete.

YIT Norge AS sitt asfaltverk i Knarrevik kjem i vegen for anleggsperioden til nytt Sotrasamband. Etter fleire års utgreiing har verksemda landa på Straume Næringspark som ei alternativ, mellombels lokalisering i anleggsperioden.

Les: To stadar aktuelle for flytting av asfaltverket

Frårår
Planutvalet skal i neste møte behandla søknad om dispensasjon for arealformål, utnyttingsgrad og byggjehøgde på den aktuelle tomten i sjøkanten heilt i søre enden av industriområdet.

Planavdelinga frårår å gje dispenasjon. Omsynet bak reguleringsføremålet hamneområde vert sett vesentleg til side, og ulempene vil vera større enn fordelane ved ei midlertidig flytting, ifølgje saksinnstillinga.

Massive protestar
Planavdelinga kjem det mange protestane mot flyttinga i møte. Naboar, velforeiningar og andre verksemder har mobilisert mot å få asfaltverket lagt til Søre Straume. Til saman har det kome inn 14 merknadar mot tiltaket.

Frykt for lukt, støy og støv har vore gjennomgåande i protestane. 

Tungtrafikk gjennom eit område med skule, barnehage og eit mykje brukt idrettsanlegg har og voge tungt hos dei som har lagt inn merknad. Sjølv om eindel av transporten vil kunna skje sjøvegen, anslår søkjaren at verksemda vil generera kring 90 tunge køyretøy dagleg gjennom det lokale vegnettet.

Bergen og omland Friluftsråd er mellom dei som har protestert. Asfaltverket vil liggja knappe 250 meter frå det populære friluftsområdet Geitevikja.

Avviser
Hos YIT Norge avviser dei påstandane. Ny teknologi og bruk av naturgass i staden for olje som fyringsmiddel, vil redusera naboplagene vesentleg, hevdar YIT Norge. 

Utslepp av avgassar frå produksjonen gjennom ein 30 meter høg skorstein vil bidra ytterlegare til å redusera luktproblema, argumenterer søkjaren.

Asfaltverket vil venteleg gje 10 – 15 arbeidsplassar, medrekna transport.

Les: Ventar motstand mot å flytta asfaltverket til Straume Næringspark

 

 

One thought on “Frårår å flytta asfaltverket til Søre Straume

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.