Opnar leikeplassar og utandørs idrettsanlegg

Kommuneleiinga i Øygarden har i dag gjeve klarsignal for at leikeplassar og utandørs idrettsanlegg kan takast i bruk att frå i morgon 15. april.

Ungane kan no ta i bruk att leikeplassen ved Spildepollen skule og dei andre utandørs leike- og idrettsanlegga i Øygarden.

Leikeplassane og utandørs idrettsanlegg vil verta opna for både organisert idrett og eigenorganisert aktivitet, melder Øygarden kommune i ei pressemelding.

Innandørs anlegg vil framleis vera stengt.

Idrettsanlegg og leikeplassar i Øygarden har vore stengde sidan 23. mars. I følgje smittevernlege Jens Eikås har dette vore eit viktig tiltak for å redusera spreiing av korona-viruset.

– Basert på smittesituasjonen i kommunen i dag, meiner kommuneleiinga at det er forsvarleg med ein kontrollert bruk av anlegga. Vi har valt å følgja dei same retningslinjene som Bergen kommune. Det er umåteleg viktig at reglane for både organisert og eigenorganisert aktivitet vert følgde, seier Eikås.

Retningslinene for bruken av anlegga vil verta hengte opp ved kvart anlegg:
Deltakarane skal halda god avstand til kvarande, minst to meter.
Ei gruppe skal maksimalt vera samansett av fem personar.
I organisert aktivitet, skal det vera ein vaksenperson til stades.
Det skal ikkje nyttast fellesgarderobe og fellesdusjar

– Vi vurderer det slik at det no er forsvarleg å kunna bruka anlegga på ein kontrollert måte. Vi har laga retningslinjer som eg forventar vert følgde. Vi har også engasjert frivillige medarbeidarar som går rundt på anlegga og leikeplassane for å sjå til at reglane ikkje vert brotne. Dersom vi opplever at brukarane ikkje følgjer reglane, vil vi vurdera å stengja anlegga, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

 

One thought on “Opnar leikeplassar og utandørs idrettsanlegg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.