-Ei tilfeldig opphoping

Smittevernlege Jens Eikås vert ikkje uroa over at fire Øygardsstrilar i dag har fått bekrefta smitte av korona-virus. Han førebur seg likevel på ein omfattande opptrapping i talet på testar.

Smittevernlege Jens Eikås førebur ein veldig opptrapping av talet på testing av Øygardsstrilar med korona-symptom.

Etter at talet på smitta den siste tida har vore lågt, vert smittevernlege Jens Eikås likevel ikkje særleg uroa over at talet på smitta i dag er tilbake på nivå med kva det var heilt i starten av korona-pandemien.

Les: Tredje dagen utan nye korona-tilfelle

-Tala på smitta har vore veldig variabelt. Eg trur dette er ei tilfeldig opphoping, seier smittevernlegen i Øygarden til nettavisa Tunnelsyn.no.

Folk føl reglane
Noko god forklaring på kva det høge talet kan skuldast, har Eikås ikkje. At Øygardsstrilane har vore for sosial i påskehelga, har han lita tru på.

-Reglane er såpass strenge, og folk oppfører seg rimeleg disiplinerte, rosar smittevernlege Øygardsstrilane sin overhalding av unntaksreglane.

Opnar opp
Dagens restresultat vil ikkje påverka avgjerda om ei gradvis opning av samfunnet att. Det er ein prosess som vert styrt nasjonalt, ikkje lokalt.

Les: Opnar leikeplassar og utandørs idrettsanlegg

Smittevernlegen er likevek spent på kva som vil skje når skular og barnehagar opnar att. Ein veit lite om ungar si rolle som smittespreiarar i korona-samanhang. Når det gjeld influensa, veit ein at ungar gjerne spreier smitten, men at dei sjølv i liten grad vert sjuke, seier Eikås.

Svaret på dette kan vi truleg ikkje venta å få før om 2 – 3 veker, antydar Eikås.

Situasjonen i Øygarden så langt gjer at smittevernlegen vel å vera optimistisk med tanke på utviklinga. Konsekvensane av gjenopninga vil truleg verta meir merkbare på Austlandet og i Oslo-området.

Førebur opptrapping i testtakinga
Med dagens tal har 48 Øygardsstrilar testa positivt for korona-virus. Samtlege testa så langt er helse- og omsorgspersonell, eller personar i risikogruppene med symptom.

No førebur Eikås ein veldig opptrapping i testtakinga lokalt. På landsplan skal 100.000 personar testast. Då vil ein få testa eit langt breiare utval av innbyggjarar, medrekna ungar.

Kriteriene for testing vil vera symptom som feber, mykje hoste, kortpusta, og vond hals, seier smittevernlegen.

Når opptrappinga i testinga vil skje, avheng av analysekapasiteten på Haukeland. Truleg vil det naudsynte utstyret vera på plass innan 14 dagar, antydar Eikås.

Godt førebudd
To personar er for tida til behandling på korona-avdelinga på Øygarden lokalmedisinske senter. Ein person er innlagt på Haukeland universitetssjukehus.

-Øygarden er godt førebudd på å handtera ein pandemi-situasjon, hevdar Eikås.

Etableringa av ein pandemi-avdeling på Øygarden lokalmedisinske senter var ein del av pandemiplanen som den nye kommunen vedtok like over nyttår. Det same var bruken av eine hallen i Sotra Arena som pandemi-legevakt.

Les: Etablerer eiga pandemi-legevakt

-Vi har gjort det vi skulle, og ligg i forkant av mange andre kommunar, oppsummerer smittevernlege Jens Eikås koronasituasjonen i Øygarden dagen etter påske.

 

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.