-Kjekt med blålys og sirener!

Godt påkledde, og med flagg i nevane, helsa publikum naudetatane sin felles påskekortesje.

Eit hundretals personar hadde funne vegen til Straume sentrum i den iskalde nordavinden for å helsa på Øygarden brann og redning, Helse Bergen og Politet sin felles kortesje i dag.

Les: Møt opp og heia på heltane!

-For ungane er det alltid kjekt med blålys og sirener, særleg no etter ein slik roleg heimepåske, fekk nettavisa Tunnelsyn.no fortalt av ei av dei frammøtte.

Utolmodige ungar, såvel som dei vaksne, fekk oppleva det dei venta på: Alle naudetatane var både synleg og lydeleg representerte, med brannbilar, ambulansar og ein politibil.

Den noko uvanlege kortesjen starta på Solsvik, og planlegg å køyra gjennom mange av bygdene på Sotra før dei tek kvelden på Skogestranda.

One thought on “-Kjekt med blålys og sirener!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.