Møt opp og heia på heltane!

I morgon får du som innbyggjar i Øygarden sjansen til å heia fram dei som jobbar for å sikra tryggleiken vår.

Saman med dei tilsette i Helse Bergen er karane i Øygarden brann og redning er med på å sikra tryggleiken vår, også i desse korona-tider. Ver med å heia på dei i morgon! Foto: Øygarden brann og redning.

Den spesielle tida akkurat no oppfordrar til spesielle tiltak. I morgon, mandag 13. april, vil Øygarden brann og redning, saman med Helse Bergen, køyra ein helsingsrunde i Øygarden kommune.

Tanken er å heidra innbyggjarane våre i dei spesielle tidene vi har no. Ein kortesje med brannbilar, ambulanse og lastebil med musikk kjem for å spreie glede langs vegane, melder initiativtakarane i Øygarden brann og redning og Helse Bergen på Facdebooksida si.

– Vi håper å sjå så mange som mulig, men minner om å halde god avstand fra hverandre, skriv initativtakarane.

La oss som innbyggjarar i Øygarden snu dette til ei helsing til heltane som opprettheld tryggleiken vår i desse koronatider!

Publikumsfrieriet vil ikkje gå ut over tryggleiken til innbyggjarane. Ved utrykning rykkjer etatane sjølvsagt ut, og lastebilen med musikk fortset ruta, lovar dei på heimesida si.

Slik vert køyreruta:
Start kl.12:00
– Solsvik gamle veien (Sand industri)
– Gamle veien via Landro
– Ågotnes -> vestsidevegen
– Fjell kirke
– Bildøybakken
– Straume ca kl.13:00
– Foldnes (snur ved krysset Gamle Foldnesvegen)
– Skogsvågen ca.14:00
– Hammersland
– Telavåg
– Glesvær
– Klokkarvik
– Skogestranda

One thought on “Møt opp og heia på heltane!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.