Få eit nostalgisk tilbakeblikk over Straume tidleg på 1960-talet.
I Widerøes flyfotoarkiv finst det ei rekkje bilete frå Straume som viser korleis dagens regionsenter ein gong såg ut, før utbyggjarane slapp gravemaskinene laus på slutten av 1960-talet.

Bilete som viser eit heilt anna samfunn enn det «dei store oppdagelsesreisande» frå Liaskjæret, Kolltveit og Bergen påstår.





Alle bileta er tekne i august 1961.Widerøes flyfotoarkiv inneheld omfattande visuell dokumetasjon frå dei aller fleste bygdene på Sotra dei første tiåra etter krigen. Berre frå Fjell finst det kring 500 bilete. Det digitale fotoarkivet ligg alment tilgjengeleg på nett under Nasjonalbiblioteket. Alle bileta er merka med stad og dato. Ver merksam på at ikkje all merkinga er korrekt.
Du kan sjå andre flyfoto frå Fjell, hovudsakleg frå åra 1954 – 1968, her.
One thought on “Slik var Straume”