Det var mykje gromlyd å høyra då torsdagsklubben på Rong køyrte kortesje skjærtorsdag.

Korona-tid eller ikkje. Når deltakarane kunne køyra trygt isolerte i kvar sitt køyretøy, fann arrangørane av Torsdagsklubben Blom Servicesenter det trygt å ha treff på Rong med påfølgjande kortesje skjærtorsdag, skriv Arve Helle til nettavisa Tunnelsyn.no.

Eit 100-tals bilar deltok. Einskilte av deltakarane hadde kome langvegs frå for å få med seg asfaltcruiset i solskinnet i skjærgarden frå Rong til Tjeldstø og tilbake over Alvheim, før avslutninga på Ågotnes.
Alle skulle med. Forutan eit breidt utval av skinande og velpolerte am-cars, var det råd å beundra mellom anna fleire Volvo Amason og ein autentisk Trabant. Eldste deltakar var ein Ford 1929 modell.
Ein bil måtte likevel stå att på parkeringa då kortesjen køyrte nordover.
Magne Turøy har laga video frå starten på Rong.