To nye Øygardsstrilar har i dag fått bekrefta at dei er smitta av korona-virus.
Totalt har 44 personar med adresse i Øygarden no fått påvist smitte av koronavirus, melder Øygarden kommune.
17 av dei tidlegare smitte er no ute av isolasjon. 27 er framleis i isolasjon. Av dei sistnemnde er to innlagt på korona-avdelinga på Øygarden lokalmedisinske senter, ein er til behandling på Haukeland universitetssjukehus.