Ein person busett i Øygarden har i dag fått påvist korona-smitte.
Korona-pandemien er ikkje over enno. Ein person med adresse i Øygarden har i dag fåtte melding om at vedkomande har testa positivt for korona-virus, melder Øygarden kommune på heimesida si.
Så langt har 42 Øygardsstrilar fått bekrefta at dei er smitta. To av dei er til behandling på korona-avdelinga på Øygarden lokalmedisinske senter. Ein er innlagt på Haukeland universitetssjukehus.
Elleve av dei smitta kom ut av isloasjon før påskehelga.