No kjem oppseiingane

Tre kriser på ein gong råkar næringslivet i Øygarden hardt.

Situasjonen for det lokale næringslivet er dramatisk, seier dagleg leiar Rikard Toft Ledang i ei pressemelding frå Vest Næringsråd. Arkivbilete.


Koronakrise, oljeprisfall og rekordlåg norsk krone. Samanfallet av tre globale kriser råkar det lokale næringslivet hardt. Over 2.200 øygardsstrilar er no registrert som arbeidslause. Fleisteparten er permitterte, ifølgje NAV.

Les: I denne bransjen er flest ramma

Dramatisk

Korona-tiltaka rammar hardast, saman med oljeprisfallet og den svake krona skapar det ein særs krevjande situasjon for det lokale næringslivet. Illustrasjon: Vest Næringsråd.

Fleire av dei permitterte har grunn til å frykta å verta oppsagte i nær framtid. Dagleg leiar Rikard Toft Ledang i Vest Næringsråd karakteriserer  situasjonen som dramatisk i ei pressemelding.

Fire prosent av medlemsverksemdene til Vest Næringsråd opplyser at dei alt har gjennomført oppseiingar. Ytterlegare åtte prosent reknar med at det vil skje, ifølgje Ledang.

Kritisk for sju av ti

Berre ni prosent av medlemsverksemdene i Vest Næringsråd opplyser at korona-tiltaka ikkje har fått kritiske konsekvensar for deira verksemd. Illustrasjon: Vest Næringsråd.

Ni av ti medlemsverksemder i Vest Næringsråd opplever den noverande situasjonen som alvorleg. Varer situasjonen i ytterlegare to til tre månadar, vil situasjonen vera kritisk for sju av ti verksemder, ifølgje ei undersøking utført av Næringsalliansen i Hordaland og Sogn og Fjordane Næringsråd. 87 av medlemsverksemdene i Vest Næringsråd har svart.

Meir enn halvparten av medlemsverksemdene i Vest Næringsråd har gjennomført permitteringar. Ytterlegare 26 prosent reknar med at dei kan verta nøydde til å gjera det.

Konkurs
Kva fjerde verksemd står i fare for å gå konkurs dersom situasjonen varer over lengre tid. For fire prosent av verksemdene tilseier situasjonen at konkurs kan vera nær føreståande.

-Om nokon går konkurs, vil det visast att på arbeidsledighets-statistikken også etter at krisa er over, seier Ledang.

Innovasjon
I håp om å motverka situasjonen oppmuntrar leiaren for Vest Næringsråd til lokal innovasjon og gründersatsing.

Tiltakspakke
Undersøkinga, saman med kommentarane og forslaga frå dei einskilde verksemdene, gjev Vest Næringsråd eit godt grunnlag for å bidra når Øygarden kommune seinare i vår skal vedta ein lokal tiltakspakke, ifølgje Ledang.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.